Huset si historie
Lunden Bedehus vart Stifta 31.12.1922
Opprinneleg sto huset som ein del av gruvene på Flottorp.
Den søndre delen er påbygt seinare.
Utdrag frå digitalmuseum:
«Våren 1922 var det auksjon på bygningane ved molybdengruvene på øvre Flottorp. Matbrakka blei kjøpt for kr 2.200,- og vart til bedehus i Lunden. Nedriving av brakke og framkøyring vart gjort gratis. Grunn til huset blei gjeven av han som då eigde Kollungtveit (br nr 2), Knut Frigstad. Huset stod ferdig hausten 1922.
Tri karar som blei løna, sette opp grunnmuren om våren. Snekring og måling vart utført om hausten. Kostnad kr 3.861,23. Rett etter 2. verdenskrig var huset betalt. Namn som er nemd i samband med arbeidsinnsats og pengegåver: Torjus Fuglestveit, Ola J. Sveindal, Olav og Andreas Handeland.»
https://digitaltmuseum.no/011014091560/samling-ved-bedehuset-pa-kollungtveit-grindheim